Til våren kan du gå deg på John Carem og Ane Dahl Torp i Ulsteinvik. 
            (Foto: NRK/Julia Marie Nagelstad)

Til våren kan du gå deg på John Carem og Ane Dahl Torp i Ulsteinvik. Foto: NRK/Julia Marie Nagelstad

Kvinne 32 år, blå auge = kassadame?

Stella Casting håpar at dei får ei fin samling med folk som vil vere med i «Hjemmebane».

Dramaserien «Hjemmebane», som skal spelast inn i Ulsteinvik i år, skal ha fleire regissørar. Det er Cecilie Mosli, Stian Kristiansen, Yngvild Sve Flikke og Eirik Svensson.

Celine Engebrigtsen og Stella Casting forklarer at dei no vil byggje opp ein database over folk i Ulstein og omland som har lyst til å vere statistar eller spele småroller i serien. Dei vil registrere kjønn, alder, augefarge, høgde osb. på kvar person, så regissøren kan søkje i databasen for å finne rett person for ei stilling.

– Kvinne 32 år, blå auge kan til dømes bli ei kassadame, forklarer Engebrigtsen.

På leit etter dei rette

I slutten av veka kjem castingbyrået til Ulsteinvik for å finne dei rette statistane. Laurdag skal dei ha møte med Hødd, sundag blir det informasjonsmøte for alle som er interesserte på Sjøborg kulturhus.

– Det er ikkje sånn at om du melder deg som statist er du sikra ein rolle, seier Engebrigtsen. Men det kan vere at du er akkurat den dei er på jakt etter.

Det er vanskeleg å seie kor mykje tid det vil ta å vere statist. Det vil variere.

– Må ein ta seg fri frå jobb, eller droppe å reise vekk i sommarferien om ei melder seg som statist?

– Nei, me vil prøve å tilpasse filminga til når det passar for vedkomande, svarer Engebrigtsen. Og i nokre tilfelle kan det vere aktuelt å velje statistar etter kven som kan på rett tidspunkt der det er filming. Filmselskapet vil ta kontakt med folk etter kvart for å gjere nærare avtaler med dei og finne ut når dei passar at dei filmar.

Filming i fleire bolkar

Filminga startar 11. mars og vil vare til slutten av oktober. Men filmselskapet vil ikkje vere i Ulsteinvik heile tida. Delar av serien blir spelt inn i Oslo, så vil dei vere på Sunnmøre i bolkar for å filme.

Riggar seg til på hotellet

Stella Casting vil vere i Ulsteinvik fram til onsdag ettermiddag. Dei tenkjer å bruke eit rom på hotellet til registrering og filming av statistar.

Hovudrollene er alt på plass, så dei er det ikkje håp om å få. Ane Dahl Torp speler Helena som blir noregshistorias første kvinnelege fotballtrenar på toppnivå. John Carew speler ein fotballspelar i slutten av karrieren.

Den nye serien skal sendast på NRK sundagskveldane våren 2018.


Les også: Location: Ulsteinvik

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: