Seint ein fredagskveld, 19. august 2016, tok det til å brenne i ei av leilegheitene i bustaden. Brannen spreidde seg, og etter brannen var sløkt synte det seg at det gjekk ikkje an å bu i nokon av dei fire bustadene.

Firemannsbustaden var kommunal. Ingen personar kom til skade i brannen, men huset vart skadd.

Rune Urke, dagleg leiar i Ulstein Eigedomsselskap KF, fortel at firemannsbustaden var forsikra, såleis har det vore ein diskusjon med forsikringsselskapet kva dei skulle gjere vidare.

No kravde forsikringsselskapet at heile huset vart rive, så det blir gjort no, etter jobben har vore ute på anbod.

– Kva skjer no? Blir der bygt ny firemannsbustad, eller er det litt ope kor mange bustader der blir?

– Det er litt ope kva som skjer. Kommunen treng bustader, men etter reglane til forsikringsselskapet treng ein ikkje byggje på akkurat same staden, svarer Urke.

Han seier det var litt vesentleg å få rive huset no. Det kunne blitt farleg om det oppstod orkan. Men det brannskadde huset har greidd seg bra gjennom stormane i vinter.