– Vi gler oss og håpar å treffe mange nye folk, samstemmer dei frivillige ungdommane i crewet på Bell.

Bell Ungdomsklubb held til i Skollebakken aktivitetshus og har ope tysdagar og fredagar. Aldersgrense er frå 8. klasse til 18 år fredagar, medan tysdagar er også dei som fyller 13 i år velkomne.

- Vi opnar for 7. klassingar no etter jul fordi vi ønskjer at desse som nærmar seg ungdomsskulealder skal få sjansen til å bli kjent med ungdomsklubben. I tillegg får dei høve til å bli kjende med ungdommar frå andre krinsar i kommunen, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin som opplyser at offisiell opningskveld for 7.klassingane tysdag 10.januar blir feira med gratis smoothie og kake til alle besøkande.

- 7.klassingane som tek turen får også kvar sin glowstick då vi arrangerer glowdisco med limbokonkurranse. I tillegg har nokre av ungdommane i crewet laga klar ein kahoot, held Marie Flatin fram.