Her blir du kjent med nye folk og her er mykje forskjellig å finne på. Vi håpar å treffe mange 7.klassingar tysdag 10.januar, samstemmer crewet som gler seg til å ta i bruk det nye speleutstyret Bell har fått takka vere midlar frå Frifond. Dei fleste i crewet her representert. Bak f.v. Zerlina Fonseca, Oskar Dalehamn Røren, Tobias Vedeld Solvang, Trygve Jonsson Flø, Julian Rise Rogne, Lorentz Dalehamn og William Seljeseth. Foran f.v. Steffen Anderson, Katrin Skodjevåg Sundgot, Silje Marie Myhre Eltvik og Malene Myhre Eltvik. Foto: Marie Flatin

Satsar på 7.klassingane

Bell Ungdomsklubb inviterer spesielt årets 7.klassingar til glowparty, kahoot, gratis kake og smoothie i kveld tysdag 10.januar. 

– Vi gler oss og håpar å treffe mange nye folk, samstemmer dei frivillige ungdommane i crewet på Bell.

Bell Ungdomsklubb held til i Skollebakken aktivitetshus og har ope tysdagar og fredagar. Aldersgrense er frå 8. klasse til 18 år fredagar, medan tysdagar er også dei som fyller 13 i år velkomne.

- Vi opnar for 7. klassingar no etter jul fordi vi ønskjer at desse som nærmar seg ungdomsskulealder skal få sjansen til å bli kjent med ungdomsklubben. I tillegg får dei høve til å bli kjende med ungdommar frå andre krinsar i kommunen, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin som opplyser at offisiell opningskveld for 7.klassingane tysdag 10.januar blir feira med gratis smoothie og kake til alle besøkande.

- 7.klassingane som tek turen får også kvar sin glowstick då vi arrangerer glowdisco med limbokonkurranse. I tillegg har nokre av ungdommane i crewet laga klar ein kahoot, held Marie Flatin fram.

Blir lest no
 
Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 
Mobbesaka i lagmannsretten: