Ein yrkessjåfør frå Hareidlandet vart i november i fjor teken i fartskontroll. Farta vart målt til 92 km/t i 60-sona, og førarkortet vart inndrege på staden.

Eit par veker seinare kom saka for retten, og førarretten hans vart inndregen fram til 17. januar 2017.

19. desember 2016 bad påtalemakta retten om å godkjenne at førarretten og førarkortet hans blir lagt beslag på inntil saka mot sjåføren kjem til endeleg avgjerd, men ikkje ut over 3. april 2017.

Sunnmøre tingrett har konkludert med at det er skjellig grunn til mistanke, og viser til resultatet av lasermålinga, noko som også er i samsvar med  forklaringa til mannen.

Treng førarkortet for å behalde jobben

Den sikta yrkessjåføren har opplyst at han treng førarkortet for å behalde jobben, og at dette er svært viktig for han. Advokaten til mannen har sendt brev til retten der han gjer det klart at etter hans syn finst det ikkje grunnlag for å halde førarkortet i beslag, og at dette er å foregripe straffa.

Men retten meiner at omsynet til trafikktryggleiken og likebehandling må vege tynst, og at det ikkje er noko uforholdsmessig stort inngrep at førarkortet hans framleis er inndrege.

- Betydeleg farepotensiale

- Sikta køyrde med lastebil i 60-sona med ei målt fart på 92 km/t. Sjølv om han var på veg mot ei 80-sone, og har forklart at han auka farta for tidleg, representerer ei slik køyring eit betydeleg farepotensiale. Som yrkessjåfør er det særleg viktig at sikta har fokus på å køyre lovleg og forsvarleg, og det følgjer av fast og langvarig praksis at forhold knytt til arbedet åleine ikkje gir grunnalg for å fastslå  at tap av førarretten vil vere uforholdsmessig for yrkessjåførar, sjølv om det kan føre til at dei mister arbeidet, heiter det i saksutgreiinga til Sunnmøre tingrett.

Konklusjonen vart dermed at førarkortet blir beslaglagt fram til  saka blir endeleg avgjort, men ikkje lenger enn til 3. april 2017.