Nyttårsaftan skreiv Audhild Gregoriusdotter Rotevatn ein status på Facebook som har vekt mykje merksemd. Ho skreiv ei nyttårshelsing frå barneavdelinga på sjukehuset i Ålesund. Ho fortalde at dottera på fem år hadde blitt dårleg i romjula. Luftambulansen greidde ikkje å lande på grunn av all vinden, så ho vart frakta i ambulanse i full fart. Heldigvis gjekk ferja...

– Blålys gjer noko med deg, skriv ho i facebookstatusen som har blitt delt bortimot tusen gonger. Statusen blir avslutta med ei bøn om at politikarane ikkje bør røre sjukehusa. – Det er vår tryggleik. Det er liv og helse. Det er mitt einaste nyttårsønske, skriv ho og minner om at det neste år (i år) er Stortingsval.

Til Sunnmørsposten fortel Rotevatn at ho har fått mykje støtte frå folk, også folk ho ikkje kjenner.

– Det bur 20 000 menneske berre i Ørsta og Volda. I tillegg har du Hornindal, Ulstein... Mykje folk, som treng tryggleiken i å vite at dei kan få hjelp om dei treng det. «Det er berre 65 kilometer frå Volda til Ålesund» vil nokre kanskje påpeike. Men kva om det ikkje er akuttberedskap i Volda - og det faktisk går som eg frykta undervegs i ambulansen: At det ikkje berre er helikopteret som ikkje kan lande, men at ferja heller ikkje kjem seg til land. Kva då, spør ho.

I Sunnmørsposten kjem det også fram at det er nokså "vanleg" at helikopteret ikkje kan lande. 13 av 100 oppdrag til ambulansehelikopteret i Ålesund frå AMK vart avbrotne eller avviste i 2014. Same år gjennomførte helikopteret 514 oppdrag. 91 vart avbrotne, 170 avviste før avgang. 46 av turane vart avviste på grunn av vêret.