Audhild Gregoriusdotter Rotevatn oppmodar politikarar om å ikkje røre akuttberedskapen i Volda. (Foto: Arkiv /Roy Arne Folkestad )

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn oppmodar politikarar om å ikkje røre akuttberedskapen i Volda. Foto: Arkiv /Roy Arne Folkestad

– Blålys gjer noko med deg

Etter ei dramatisk hending i romjula er Audhild Gregoriusdotter Rotevatn endå meir overtydd om at lokalsjukehusa er viktige.

Nyttårsaftan skreiv Audhild Gregoriusdotter Rotevatn ein status på Facebook som har vekt mykje merksemd. Ho skreiv ei nyttårshelsing frå barneavdelinga på sjukehuset i Ålesund. Ho fortalde at dottera på fem år hadde blitt dårleg i romjula. Luftambulansen greidde ikkje å lande på grunn av all vinden, så ho vart frakta i ambulanse i full fart. Heldigvis gjekk ferja...

– Blålys gjer noko med deg, skriv ho i facebookstatusen som har blitt delt bortimot tusen gonger. Statusen blir avslutta med ei bøn om at politikarane ikkje bør røre sjukehusa. – Det er vår tryggleik. Det er liv og helse. Det er mitt einaste nyttårsønske, skriv ho og minner om at det neste år (i år) er Stortingsval.

Til Sunnmørsposten fortel Rotevatn at ho har fått mykje støtte frå folk, også folk ho ikkje kjenner.

– Det bur 20 000 menneske berre i Ørsta og Volda. I tillegg har du Hornindal, Ulstein... Mykje folk, som treng tryggleiken i å vite at dei kan få hjelp om dei treng det. «Det er berre 65 kilometer frå Volda til Ålesund» vil nokre kanskje påpeike. Men kva om det ikkje er akuttberedskap i Volda - og det faktisk går som eg frykta undervegs i ambulansen: At det ikkje berre er helikopteret som ikkje kan lande, men at ferja heller ikkje kjem seg til land. Kva då, spør ho.

I Sunnmørsposten kjem det også fram at det er nokså "vanleg" at helikopteret ikkje kan lande. 13 av 100 oppdrag til ambulansehelikopteret i Ålesund frå AMK vart avbrotne eller avviste i 2014. Same år gjennomførte helikopteret 514 oppdrag. 91 vart avbrotne, 170 avviste før avgang. 46 av turane vart avviste på grunn av vêret. 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 
Blir lest no
 

Eigedomstransaksjonar

Her er årets første eigedomstransaksjonar

Sjå kva eigedomar på ytre Søre som skifta eigar i januar.

Her er dei dyraste eigedomane i 2016

Nedgang i talet på eigedomar som gjekk for meir enn 4 millionar kroner frå 2015 til 2016.

Sjå kvar det er flest fritidseigedomar

I løpet av dei fem siste åra har 365 fritidseigedomar skifta eigar.

Dusty Track er tilbake

Dusty Track er tilbake i manesjen og spelar på Kaffebaren i Ulsteinvik fredag 3. mars.

KOMMENTAR

Hødd må gjere grep om dei skal kjempe i toppen

8–0 tapet i Molde onsdag kveld må ha vore blytungt for alle involverte

Fortel om vegen bort frå nynorsken

Kva får ein ung mann som har skrive nynorsk i 18 år til å gå over til bokmål?

Har aldri hatt utferdstrong

Hanne Notøy har alltid hatt postnummer 6065, men ho følgjer med på både båtar og fotballspelarar som dreg ut.

Frå Nashville til Sunnmøre

Artisten Solveig Leithaug held konsert i Ulstein kyrkje 14. mars

Trålaren som vart piratskip

Bygg nummer 36 ved Hatlø Verksted har hovudrolle i ny bok

Takkar arbeidskameratane for at han er i live

– 9. januar er min andre fødselsdag.

Lovar spennande program på Kvinnedagen

Jeanette Solstad Remø er hovudtalar under den lokale 8.-mars-markeringa

Fullpakka då Knitting Inna kom til Hareid

Ikkje ein stol var ledig då «Knitting Inna» - Ingunn Myklebust kom til Trådkråa for å snakke om den nye boka si «Bystrikk».

KOMMENTAR

Uverdige buforhold

Eit bra husvære kan vere avgjerande for å halde seg rusfri etter eit fengselsopphald, og her har kommunen svikta.