Anne Nagelgaard Omenås kan ikkje sjølv hugse at ho skreiv brevet, putta det i ei flaske og kasta det på sjøen, men det må ho har gjort. For Lise-Mari Granheim fann brevet for nokre månader sidan då ho var på fisketur.

Omenås vaks opp i Ulsteinvik, men ho var ofte på Askøy i feriane. Då var dei gjerne ute og fiska i båt. Det var nok under ein av desse turane at ho kasta flaskeposten i Hjeltefjorden.

– Når eg ser brevet no i ettertid trur eg at eg skreiv brevet for at eg ville ha ein brevven, for eg likte å ha brevvener. Men eg hadde nok håpt at brevet kom seg litt lengre enn Askøy, ler Omenås.

For brevet har ikkje reist langt på desse 23 åra. Det var funnen i fjøresteinane på Askøy. Om det har tatt seg ei runde i mellomtida, eller om det er ligge der heile tida, er ikkje godt å seie.

Eit eingongstilfelle

Flaskepostskrivaren trur det var eit eingongstilfelle at ho skreiv flaskepost. Ho kan ikkje hugse at ho har gjort det fleire gonger.

– No som du har fått svar på flaskeposten, kan det hende at du ein gong seinare prøver deg på å sende flaskepost i lag med borna dine?

– Ja, der seier du noko. Det har eg ikkje tenkt på. Men det må eg no prøve. Det var veldig spennande, svarer ho. Men ho vil nok vente nokre år, førebels er sonen berre eit halvt år.

Blitt ein del oppstuss

Finnaren av flaskeposten etterlyste brevskrivaren på Facebook. Omenås fortel at ho ikkje var inne på Facebook på ei lita tid, så då ho logga seg på var det mange ukjente som hadde prøvd å ta kontakt med henne for å tipse henne om flaskeposten.

– Det var berre hyggeleg, synest Omenås, som no har svara flaskepostfinnaren.

TV2 kontakta henne også og laga sak om dette.

Kanskje det blir eit treff?

No bur Anne N. Omenås i Bergen. Ho har ikkje tenkt å brevskrive med Lise-Mari Granheim, men kanskje dei får til å treffast?

Det synest Omenås hadde vore artig. Noko anna som er artig er at finnaren er frå Ålesund. Så dei er to sunnmøringar som har funne saman gjennom ein flaskepost.