Varselet går ut på at havnivået i Ulsteinvik vil nå opp til 285 cm over sjøkartnull.

Floa er dermed ein del høgare enn det som er berekna i tabellane.

Grunnen er vêret. Stormflo oppstår når lufttrykket er svært lågt og det på same tid er kraftig pålandsvind. Det vil vere tilfellet torsdag.

Som døme kan nemnast at eit lågtrykk på 960 hPa fører t.d. til at vasstanden stig ein halv meter over det normale.

Gjøfjøretid

Vi er elles inne i den tida på året då det oftast oppstår gjøfjøre; d.v.s. særleg stor fjøre.

Komande fredag 13. februar ligg tilhøva til rette for ganske stor fjøre her på Hareidlandet. Varselet seier 18 cm over sjøkartnull.

Ved gjøfjøre er det dei motsette faktorane av stormflo som regjerer: frålandsvind og høgtrykk. I tillegg spelar månen inn.

Særleg dagane kring 13. januar og 28. januar i år peiker seg ut som kandidatar til slik gjøfjøre