Året har sarta med godt sildefiske, sjølv med uroleg ver i nord. Den første veka i 2017 vart det meldt inn 17.300 tonn til Norges Sildesalgslag. Kystgruppa har bidrege med heile 16.650 tonn av dette, og frå ringnot er fangsten på 650 tonn, melder Sildelaget.no.

Rune Hoddevik, dagleg leiar ved Pelagic avdeling Liavåg, fortel at dei ikkje har fått inn båtar som skal levere sild enno.

- Men det nærmar seg. Fangsten sig sørover og vi reknar med å starte lossing av sild anten i helga eller rett over helga, seier Hoddevik.

Hovuddelen av kvantumet som er fiska hittil er fangsta i fjordane i Troms, der fiskarane har hard konkurranse frå kval for tida. Fleire av dei større båtane sette kursen mot Norskehavet i håp om  å finne  sild der.

Sild som er teken ut i Norskehavet hadde ei snittvekt på 355 gram.