Tysdag 17. januar er det møte i Næring- og miløutvalet i Hareid. Ei av sakene som medlemene skal ta stilling til, er søknaden frå Hjørungavåg Skyttarlag/Boindustri AS om å få føre opp ei 70 kvadratmeter stort bygg - eit takoverbygg på standplass ved anlegget deira på Ulset.

Området er i kommuneplanen vist som skytebane. Tiltaket er nabovarsla, og det ligg ikkje føre merknader frå naboar.

I saksutgreiinga heiter det at tiltaket er vurdert til å ha ei tilfredsstillande estetisk utforming, og det er opplyst at bygningen skal plasserast i eit område som ikkje er utsett for flaum, skred eller andre natur- og miljøtilhøve.

Tiltaket medfører heller ikkje endra eller ny tilkomst.

Administrasjonen rår til at takoverbygget over standplass for leirdueskytebana blir godkjend.