Hjørungavåg Skyttarlag vil byggje takoverbygg ved standplass for leirdueskyting. Her frå eit skyttarstemne på Ulset i 2013. (Arkiv).

Hjørungavåg Skyttarlag vil byggje takoverbygg ved standplass for leirdueskyting. Her frå eit skyttarstemne på Ulset i 2013. (Arkiv).

Takoverbygg på standplass

Hjørungavåg Skyttarlag vil betre forholda på Ulset.

Tysdag 17. januar er det møte i Næring- og miløutvalet i Hareid. Ei av sakene som medlemene skal ta stilling til, er søknaden frå Hjørungavåg Skyttarlag/Boindustri AS om å få føre opp ei 70 kvadratmeter stort bygg - eit takoverbygg på standplass ved anlegget deira på Ulset.

Området er i kommuneplanen vist som skytebane. Tiltaket er nabovarsla, og det ligg ikkje føre merknader frå naboar.

I saksutgreiinga heiter det at tiltaket er vurdert til å ha ei tilfredsstillande estetisk utforming, og det er opplyst at bygningen skal plasserast i eit område som ikkje er utsett for flaum, skred eller andre natur- og miljøtilhøve.

Tiltaket medfører heller ikkje endra eller ny tilkomst.

Administrasjonen rår til at takoverbygget over standplass for leirdueskytebana blir godkjend.

 

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Møtast for fyrste gong sidan 2010 (biletet). Kampstart klokka 15:00:

Hødd - Byåsen LIVE

- Det viktigaste målet i norskfaget er å bygge karakter. Les kommentaren:

Bygge karakter

Laurdagspraten med Oddbjørn Grimstad:

Oddbjørn ryddar seg ut av kontoret

Hødd-juniorane ute av cupen etter straffekonk mot Molde:

- Veldig surt

Reisa til verdseliten i friidrett byrja nok så tilfeldig:

Slik blei Karsten best

Hareid sikra seg tre viktige poeng:

Tok tre poeng mot Rollon

Vann på 400 meter hekk i lag-EM i Finland:

Karsten utklassa verdseliten - igjen