To nye bedrifter har etablert seg i Hareid. (Illustrasjonsfoto).

To nye bedrifter har etablert seg i Hareid. (Illustrasjonsfoto).

Tilrår to av tre søknader

Rådmannen i Hareid tilrår å gi tilskot til to av tre næringsfondsøkjarar.

Søknadene skal opp i nærings- og miljøutvalet 17. januar.

Avslaget gjeld Aasen Bil-demontering AS i Brandal, som har søkt om tilskot til diverse utstyr, verktøy og arbeidsklede. Søknaden er godt gjennomarbeidd og inneheld mange relevante opplysningar, men reglane for bruken av næringsfonda opnar ikkje for støtte til kjøp av utstyr og maskiner til bedrifter i kommunesone II, der Hareid ligg.

Derimot tilrår rådmannen å yte inntil 94.500 kroner til Nordvest Kran & Montasje og 105.000 kroner til Stokkevåg Spyleservice.

Effektive mobilkrantenester

Nordvest Kran & Montasje er ei ny bedrift som har som forretningsidé å forenkle byggeprosessen for bygge-entreprenørar gjennom effektive mobilkrantenester. Dei vil bruke tilskotet til ein strategi- og utviklingsprosess.

Selskapet har fire eigarar, som alle eig 25 prosent: Hoddevik Eiendom AS, Hjørungavåg Transport AS, John Arnt Brandal og Stig Are Hoddevik.

Tilstand på drenering og innvendige rør

Stokkevåg Spyleservice v/ Johnny Stokkevåg tilbyr dokumentasjon av tilstanden på dreneringar og rør innvendig og rundt bolighus og industribygg.

Inspeksjonen blir gjort med eit inspeksjonskamera. Kunden får dokumentert tilstanden og tilbod om rørspyling ved behov.

Ein spesialbygd 4,5 tonns spylebil skal stå til disposisjon. Selskapet vil bruke tilskotet til marknadsføring.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: