Han kom til Hareid for 7 1/2 år sidan som flyktning frå Afghanistan. Dei fleste av kameratane hans frå den tida har reist, men Asadullah trivst godt på Hareid og har vald å bli buande her. Etter kvart har han fått hit kone og i lag har dei to døtrer, dei er 8 og 1 1/2 år.

Asadullah har gått to år på Borgund vgs. for å bli tømrar. Sidan april 2016 har han søkt over 30 stader for å få seg lærlingplass, utan å få napp. Det er alt frå Ålesundområdet til Vanylven.

Dei to åra på tømrarlinja er bortkasta om han ikkje får fullført utdanninga med ein lærlingplass i to år.

Vekependla til Hamar

I haust var han så desperat etter ein lærlingplass at han slo til med eit firma i Hamar. Planen var å vekependle mellom Hamar og Hareid, men det viste seg å vere vanskeleg.

– Det var vanskeleg for meg å pendle kvar veke, seier han.

Som lærling fekk han utbetalt mellom 8000 og 9000 kroner i månaden. For den vesle hybelen han leigde seg måtte han betale 5000 kroner. I tillegg trong han pengar til mat. Det er langt å køyre mellom Hareid og Hamar, noko som også kostar. Å ta fly var i alle fall for kostbart.

Asadullah heldt ut på dette viset i to veker. Så rekna han på det og fann ut at det ikkje gjekk. Han ringde arbeidsgjevaren sin og forklarte situasjonen. Arbeidsgjevaren hadde så lyst å behalde Asadullah som lærling, at han ville ordne opp så han kunne ta med seg heile familien til Hamar.

Kan ikkje flytte frå Hareid

Kona til Asadullah går på introduksjonsprogrammet for flyktningar, den eldste dottera går på skule og den yngste dottera går i barnehage.

Arbeidsgjevaren ringde både Nav, kommunen, Hareid ressurssenter og opplæringskontor for flyktningar i Hamar for å ordne ut, men det viste seg at det er vanskeleg for familien å flytte frå Hareid. Reglane er sånn at kona må ha budd i Hareid kommune i fem år før ho kan flytte. Om dei flyttar før den tid vil ho ikkje få hjelp om ho treng det, forklarer Asadullah. Kona har berre budd her sidan august 2014, og ho var heime eit år på grunn av svangerskapspermisjon.

– Dei har heller ikkje lyst til å flytte frå Hareid. Kona mi og borna trivst her. Det gjer eg også. Det er Hareid som er heime, seier Asadullah.

– Arbeidsam og flink

Asadullah har arbeidd fem år for Linda Haddal Røssevoll på hotellet. Ho har berre gode ord å seie om han.

– Han er veldig flink og arbeidsam. Han var pliktoppfyllande og møtte presis. Han såg kva som måtte gjerast og arbeidde sjølvstendig, seier den tidlegare arbeidsgjevaren hans og håpar han får napp.

Er i jobb

Asadullah har fast stilling i 25 % som bebuarkontakt på asylmottaket på Hareid. I tillegg arbeider han der 40 % som vaktmeister. Men Asadullah får ikkje fullført tømrarutdanninga si på dette viset.

Han snakkar godt norsk og har bil så han kjem seg rundt i distriktet og er villig til å køyre nokre mil for å få vere lærling. Han set heller ikkje store krav til løn. For han er det viktig å tenkje på framtida. Han vil fullføre utdanninga si, så han har større moglegheit for å få jobb. Slik får han ei tryggare framtid for seg og familien.

– Det einaste eg vil er å ta fagbrev, seier han.

Om nokon kan hjelpe han med ein lærlingplass som tømrar vil han bli veldig glad.