Både Ulstein og Herøy hadde svært låg avskyting under hjortejakta i fjor: bere 66,4 og 57,6 % av dei tilfelte dyra.

Hjortejakta på ytre søre Sunnmøre synest dermed å ha gitt eit resultat litt under det vanlege.

Resultata frå hjortejakta 2016 begynner å kome inn. Så langt har fire av dei sju kommunane på Søre Sunnmøre – Hareid, Ulstein, Herøy og Volda – meldt inn sine fellingsresultat.

Det ein merkar seg, er at fellingsresultatet i Hareid og Herøy er stabilt (2 ned frå i fjor i begge kommunane), medan Ulstein-resultatet vart på 15 færre felte dyr.

Desse tre ytre-kommunane hadde altså ein nedgang på 19 dyr.

Hareid har lenge hatt ein svært høg fellingsprosent. Slik også i år. I 2016 vart det felt 150 dyr, som er 2 færre enn året før. Det gir ein fellingsprosent på 86,7 av tildelt kvote.

I Ulstein vart det tildelt 131 dyr i fjor, men jegrane felte berre 87, som gir ein fellingsprosent på 66,4.

Herøy hadde ein endå lågare fellingsprosent: 57,6 – etter at det vart felt 76 av 132 tildelte dyr.

Herøy har hatt ein kraftig auke i talet på fellingsløyve dei siste åra, men resultatet har ikkje stått i stil. Så seint som i 2012  felte jegrane i Herøy 84 dyr med langt færre tildelte dyr – og med ein fellingsprosent på 85,7.

Storveges i Volda

Av kommunane innafor Vartdalsfjorden og Rovdefjorden er det berre Volda som har meldt inn resultat hittil. Der er resultatet til gjengjeld storveges:  458 dyr i 2016 mot 368 året før.

Her er tala for dei fire nemnde kommunane (fellingsår, fellingar og avskytingsprosent):

HAREID:

2016: 150 (86,7 %)

2015: 152 (88,4 %)

2014: 151 (86,8 %)

2013: 141 (87,0 %)

2012: 134 (83,8 %)

ULSTEIN:

2016:   87 (66,4 %)

2015: 102 (71,8 %)

2014:   97 (69,3 %)

2013:   93 (66,4 %)

2012:   80 (57,6 %)

HERØY:

2016:   76 (57,6 %)

2015:   78 (60,5 %)

2014:   78 (60,9 %)

2013:   77 (60,2 %)

2012:   84 (85,7 %)

VOLDA:

2016: 458 (83,4 %)

2015: 376 (65,3 %)

2014: 383 (64,3 %)

2013: 460 (76,0 %)

2012: 379 (64,7 %)