Denne veka varsla ein del nettaviser at innvandrings- og inkluderingsminister Sylvi Listhaug vil sende asylsøkjarar på kurs i «norsk folkeskikk». Der skal dei lære om religionsfridom, naboskap, barnebursdagar, dugnad og jamstilling mellom kjønna.

Det er kommunar som hyser asylmottak som skal leggje til rette for at kursa blir arrangert. Anten med eigne krefter eller i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar. Dei får 3700 kr i støtte for kvar deltakar. Kurset skal vere på 50 timar.

For kunnskap

Lars Erling Bjåstad Hovlid, leiar for inkludering og mangfald i Ulstein kommune, kjenner ikkje til at kommunen har fått brev om dette frå Listhaug.

– Personleg synest eg opplæring er viktig, seier Hovlid, men han seier det vil vere ei avsporing å kalle eit kurs for «norsk folkeskikk».

- Ein bør ikkje formulere seg slik at ein signaliserer at me sit på svaret på kva god folkeskikk er. Då stemplar ein også dei andre sine skikkar og kulturar, seier han. Men det er nyttig å gje folk som kjem til Noreg opplæring i korleis samfunnet fungerer. Dei treng kunnskap om mykje, som t.d. helsevesenet, skulestruktur, religion, likestilling og for den saks skuld barnebursdagar. Jo før dei får denne opplæringa, jo betre er det. Dette er tema som jamleg er oppe i introduksjonsprogrammet og i opplæringa som skjer på asylmottaka. Men ei styrking av denne opplæringa er likevel ei positiv moglegheit.

- Samstundes er det viktig å hugse på at den beste måten å lære desse tinga på , truleg ikkje er i klasserommet, men gjennom erfaring i møte med folk som bur i lokalsamfunnet vårt, seier Hovlid.

Ikkje nytt med kunnskap

Ann-Ingvill Tødenes, som er mottaksleiar på Søre Sunnmøre mottak, forstår utspelet til Listhaug som at arbeidet med «samfunnsopplæring» skal intensiverast.

Asylmottaka har pålegg frå UDI om å drive informasjon. Sidan 2005 har mottaka i Noreg hatt eit introduksjonsprogram som er obligatorisk for asylsøkjarar å delta på. Programmet har ulike tema.

– Mange her i Ulsteinsamfunnet er bidragsytarar i dette programmet. Til dømes er politiet her og snakkar om temaet «Lover og reglar». Målet er å førebyggje kriminalitet blant mottaksbebuarar og at dei skal bli kjende med norsk lover og reglar og konsekvensane av å bryte dei. På same måte har me med helsepersonell, tannpleiar, folk frå skulen og frå politikken, seier Tødenes.

Programmet rullerer heile året, og asylsøkjarar må delta i fleire rundar medan dei bur på mottaket.

Folkeskikk

I programmet er det ein bolk som omhandlar samfunnsforhold i Noreg – verdiar og levesett. Der er det underpunkt som tar for seg likestilling, ytringsfridom, religionsfridom, barneoppseding, helsemåtar, kvinnesyn i det offentlege rom, skikk og bruk-formelt og uformelt osb.

– Det er mange rare og artige situasjonar som oppstår i denne undervisninga. Mellom anna opplever me at mange av oss som er etniske nordmenn og meiner å vere godt oppdregne har veldig forskjellige meiningar om dette temaet. Det viser oss i alle fall at det kan vere litt utfordrande for andre å kjapt ta inn over seg kva me eigentleg forventar, seier Tødenes.

Mottaket bruker ei veke på å diskutere barneoppseding med våre nye landsmenn.

– Etter mitt syn har me alt gode og konkrete opplegg som har levd i mange år. Utfordringane blir nok meir å halde gode nok førelesninger og sjekke ut om det er tatt inn, meiner mottaksleiaren.

<strong>Kurs:</strong> Innvandrings- og inkluderingsminister Sylvi Listhaug vil sende asylsøkjarar på kurs. Fotografiet er frå hausten 2016, då ho besøkte Søre Sunnmøre mottak i Ulsteinvik.