Ein ung mann frå Ytre Søre Sunnmøre måtte for kort tid sidan møte i Sunnmøre tingrett. Der skulle han blant anna straffast for fem bilbrukstjuveri, sju tilfelle med køyring utan gyldig førarkort, og to tilfelle der han ikkje hadde stoppa når politiet prøvde å stanse bilkøyringa.

Tiltalen var totalt på 19 straffbare forhold i eit tidsrom på 10 månader.

Den unge mannen erkjente alle forholda, og det gjorde straffa litt mildare.

Mannen forklarte til retten at han gjerne vil få skikk på livet sitt, og at han ikkje har gjort noko straffbart på mange månader.

Må gjennomføre ungdomsoppfølging

Etter ei samla vurdering, der det vart lagt vekt på omfanget, og den unge alderen til mannen, kom retten til at det ville vere rett med ein betinga reaksjon, men på eitt vilkår: Han må gjennomføre ungdomsoppfølging i konfliktrådet.

Ungdomsoppfølging vil gi den unge mannen høve til å halde fram den positive utviklinga, meiner retten.