Blandingshunden "Fløffi" i Ulsteinvik har vore sakna sidan nyttår. Mange har vore med på å leite, men utan resultat. Hittil har det vore heilt utan spor etter den familiekjære hunden, som er ei blanding av chihuahua og zhitzhu.

"Fløffi" er ei tispe. Ho er lysebrun, kvit og med litt grått på hovudet.

Då ho forsvann hadde ho på seg eit rosa halsband med glitter.

- Sidan ho ikkje har dukka opp har vi framleis eit håp om at nokon har teke vare på henne, og vi lovar ein dusør på 2000 kroner  til den som finn henne, seier Martin Løset, som også nyttar sjansen til å takke alle som har hjelpt til med å leite etter midtpunktet i familien.

Har du sett: