Tussa er mellom sju norske internett-leverandørar som er pålagde av Oslo tingrett å hindre tilgang til fleire ulovlege nettstader for fildeling. Bakgrunnen er eit søksmål frå åtte store amerikanske produksjonsselskap som sit på opphavsretten til ei rekke filmar og TV-seriar.

Tussa kjem til å stenge tilgangen til desse nettstadene fortløpande – og seinast 26. januar 2017.

Dersom Tussa sine kundar prøver å gå inn på ein av nettstadene etter stenginga, vil dei kome til ei informasjonsside.

I ei melding på eiga nettsida oppmodar Tussa alle til å nytte seg av lovlege tenester for musikk og film.