– Eg håper det vil kome folk frå mange nasjonar, også nordmenn, på den internasjonale festen.

Orda kjem frå Ravindarasan Mylvakanam, til dagleg kalla Ravi. Han er tamil, busett på Hareid og nyvald leiar i Tamilsk kulturforeining.

– Tamilane har lenge hatt tradisjon for å halde sine eigne festar, men då eg tok opp med styret at vi no bør prøve å vere meir saman med andre, var responsen positiv. Vi har derfor bestemt oss for å invitere til internasjonal fest på Hareid bedehus laurdag 21. januar, fortel Ravi.

Håper på minst 150

Han håper det kjem mykje folk, og understrekar at alle nasjonar er hjarteleg velkomne.

– Vi samarbeider med Hareid frivilligsentral, Ressurssenteret Hareid og asylmottaket EMA. Målet vårt er at det kjem minst 150 personar, og vi håper mange nasjonar blir representerte, seier Ravi.

Han meiner mange har det så travelt i dag at dei ikkje har tid til å gå på besøk til kvarandre, og endå mindre til å bli kjende med nye folk. Ein internasjonal fest kan vere eit godt påskot til å kome saman.

Viktig å ikkje isolere seg

– Det er viktig at dei enkelte nasjonane ikkje isolerer seg. Skal integreringa bli vellykka må vi vere saman på tvers av nasjonar.

Sokneprest Leidulv Ø. Grimstad har sagt ja til å leie festen. Han har kjent tamilane sidan dei første kom til Hareid. Tidlegare flyktningkonsulent Erling Åslid er også invitert, og det same er dagens flyktningkonsulent og ordførar Anders Riise.

Programinnslaga skal til saman ikkje ta meir enn om lag 15 minutt og vil blant anna by på dans til tamilsk filmmusikk.

Mykje spennande mat

– Maten vil bli ein viktig del av festen. Vi tamilar skal lage ein hovudrett av kylling og ris, pluss typiske tamilske kaker. Frivilligsentralen har lova å stille med norske kaker og litt til koldtbordet, og både ved Ressurssenteret og på asylmottaket har dei lova å lage mat til festen. Sjølv om det kjem mykje folk garanterer vi at alle skal få mat, seier Ravi.