Variasjonane mellom kommunane er store når det kjem til kor mykje som blir spandert av pengar på idrett og anlegg.

Vikebladet Vestposten kan i dag presentere ei stor oversikt over kor mykje pengar kommunane bruker på drift innan idrettslege formål. Og vi kan ta «konklusjonen» fyrst: Hareid spanderer forholdsvis lite på idrett, målt etter netto driftsutgifter per innbyggjar. Ulstein ligg betre an.

Samanslåtte postar

Det er to postar på kommunedrifta som omhandlar utgifter knytte til idrett. Det er «netto driftsutgifter til idrett og tilskot til andres idrettsanlegg» og «Netto driftsutgifter til kommunale idrettsbygg- og anlegg».

Tala er rapporterte inn til Staten av kommunane sjølv, og er publiserte gjennom Statistisk sentralbyrå (SSB). Vi har slått saman dei to postane etter tilråding frå byrået, som påpeker at ein erfaringsmessig ser at kommunane nokre gonger kan ha problem med å skilje kva som skal førast på dei to postane.

Dette brukte Hareid

Hareid kommune hadde totalt 1,7 millionar kroner i netto driftsutgifter til idrettsaktivitetar i kommunal regi og stønad til laga i 2015. Inkludert er også alle utgifter til drift og vedlikehald av kommunale idrettsbygg. Og då snakkar vi om alt frå reinhaldsarbeid, via lyspærer og lønn til vaktmeister, til vatn og avløp. Det dreiar seg altså om kva kommunane bruker av midlar til drift. Eventuelle brukarbetalingar eller andre inntekter er altså trekte frå. I Ulstein kommune var det netto driftsutgifter pålydande 4,7 millionar kroner til idrettslege formål.

Investeringar i nye idrettshallar eller anna blir ført i heilt andre postar, og er ikkje med i grunnlaget her. Sjølv om kommunar har skilt ut eigedomsdrifta i eigne føretak, så er rekneskapen med i desse tabellane - då vi her har brukt det som heiter konserntal.

Svære forskjellar

Vi har målt utgiftene per innbyggjar, og kjem til at snittet i heile Noreg ligg på 551 kroner per snute. I Hareid kommune blir gjennomsnittet på berre 333 kroner, medan Ulstein får 559 kroner å slå i bordet med.

Det er nokså store forskjellar på dette punktet blant dei 428 medlemene i kommune-familien i Noreg. Då må ein også ha i minne at det er store ulikskapar i kommunestrukturen rundt om, og at småkommunar derfor ofte er å sjå høgt opp på tabellane. Bykle i Aust-Agder har under tusen innbyggjarar, og har heile 4.298 kroner per innbyggjar til idrett - som er mest i Noreg. Hareid er på denne landsoversikta nummer 294, medan Ulstein er på 176. plass.

I Møre og Romsdal er det Aukra kommune som har størst utgifter per innbyggjar, med 2.378 kroner.

Idrettssatsing per innbyggjar:

Midlar brukt til drift av idrett og anlegg, 2015 (Kilde: Kostra/SSB)

Netto utgifter Per innbyggjar

Ulstein 4.716.000 - pr. innbyggjar   559

Hareid 1.726.000   pr. innbyggjar   333

Noreg 3,28 mrd.     pr. innbyggjar   551