Ulstein Group skriv på heimesida si i dag at gigantskipet "island Venture" vart levert frå Ulstein Verft i dag, tysdag 17. januar.

Det er Island Offshore og Edison Chouest som har kontrahert det hittil største offshore konstruksjonsskipet som er bygd ved Ulstein Verft. Lengda er på 160 meter, breidda på 30 mter.

Skipet er designa ved  Ulstein Design & Solutions AS for Island Ventures 5 LLC.

Island Venture vart ferdigstilt for fleire månader sidan, og det er truleg ein gledens dag ved Ulstein Verft når leveringa no er eit faktum.