Hjørnesteinsverksemda på Kvamsøya har no kruna ordreboomen med å signere ein større kontrakt med selskapet Artec Aqua, melder Vestlandsnytt.

Artec Aqua er totalleverandør til eit stor anlegg ved Salmobreed Salten i Sørfold i Norland. Det  dreier seg mellom anna om leveransar av store glasfiberkar til eit kjempeanlegg for landbasert oppdrett av laks.

Håvard Haanes, Ulsteinvik er dagleg leiar i Brimer. Ove Midtflø, Hareid, vart for kort tid sidan tilsett som produksjonssjef.