I tidsrommet 2005 til 2014 var det 185 dødsulykker i trafikken her i landet der sjåføren ikkje hadde førarkort. Og det som kanskje er endå meir påtakeleg: I 84 prosent av desse ulykkene med førarkortlause sjåførar var det rus med i bildet. I 70 prosent var det også for høg fart.

I kvar tiande dødsulykke i trafikken er det innblanda ein sjåfør utan førarrett. Forskarane meiner at mange liv kunne ha vore spart med alkolås eller tvingande ISA (fartsgrensestyrt fartssperre).

Det er vegen.no som melder dette.