Det er NRK Møre og Romsdal som har fått bekrefta frå Ålesund-baserte Volstad Maritime at reiarlaget har levert inn anbodspapir på ferjeruta mellom Hareid og Sulesund.

Volstad driv i dag innanfor olje- og gassnæringa, men signaliserer tydeleg om at dei ønskjer å satse på andre næringar også, ved at dei no har levert inn anbod på Hareid - Sulesund, samt Sykkylven - Magerholm.

NRK spekulerar vidare i at Volstad vil få hard konkurranse, då både Havila-eigde Fjord 1, Torghatten og Norled også har levert anbod.

Tre nye ferjer

1. mars skal vinnaren av anbodet offentleggjerast, og kontraktsperioden for sambandet Hareid - Sulesund er mellom 1. januar 2019 og 1. januar 2030.

Norled driv som kjent Hareid - Sulesund i dag, medan Fjord 1 driv Sykkylven - Magerholm.

Møre og Romsdal fylkeskommune kunne i 2016 presisere at det blir stilt enormt strenge krav til miljø, og at det skal byggjast fem heilt nye ferjer til dei to sambanda, tre av dei til Hareid - Sulesund.