- Alle kommunar i Norge har ein plan for korleis byggje og utvikle kommunen, byrjar forteljarstemma å seie i den nye animasjonsvideoen til Hareid kommune.

Den stilige videoen er laga av den dyktige filmskaparen Camilla Tangen Nanseth, og får skryt av ordførar Anders Riise samt mange andre.

- Her ein god animasjonsvideo av korleis vi vil at nettopp DU skal engasjere deg for eit betre Hareid inn i framtida. Kom med innspel, møt opp å gi dine bidrag gjennom ord, tankar og planar, skriv Riise på si Facebook-side, der han også lenkjar til videoen.

Videoen ligg open for alle å sjå på Hareid kommune sin Youtube-konto, og du kan også sjå den her, i toppen av saka.