Delen daglegrøykjarar har gått ned frå 24 prosent til 13 dei siste ti åra. Samtidig har forbruket av snus auka, viser tal frå SSB.

Blant både kvinner og menn er det dei siste åra blitt færre daglegrøykjarar og færre som røykjer av og til, viser ferske tal frå SSB.

Kvinner og menn har følgt kvarandre både i nedgang og nivå sidan overgangen til 2000-talet.

Samtidig har forbruket av snus auka dei siste åra. Særleg blant yngre kvinner. Ei av seks kvinner i alderen 16–36 år snusar dagleg. Snusbruken aukar mest både blant menn og kvinner i denne aldersgruppa. Likevel er det framleis vanlegare å røykje dagleg enn å bruke snus dagleg.

Flest røykjarar er det i alderen over 45 år. I alderen 16–24 røykjer berre 4 prosent dagleg.

(©NPK)

npk@npk.no

Bilete: sy926d12

Illustrasjonsfoto: Anders Malm / NPK