Ulsteinvik har blomstra som få andre tettstadar, spesielt dei siste åra, med bygginga av ei ny og flott miljøgate, det store og praktfulle Sjøsida-bygget, Arena Ulstein og ei fornying elles av både infrastruktur og bygningsmasse. Med det har det også kome til mykje nytt næringsareal. Men, medaljen har også ei bakside. I dag ser ein diverre alt for mange næringslokale som står tomme. Noko kan kanskje skuldast dei dårlege tidene i den maritime bransjen, men langt ifrå alt.

Ordførar i Ulstein kommune, Knut Erik Engh, likar ikkje det han ser.

– Men, dette er noko ein ser jamt over i veldig mange tettstadar her i landet. Det skjer spesielt i dei tettstadane der ein satsar på å legge handelen utanfor sentrum. Difor har vi i Ulstein sagt at dette har vi eit medvite forhold til. Vi har tenkt å gjere grep som gjer at vi motverkar denne utviklinga. Vi ønskjer mest mogleg aktivitet i sentrum, seier Knut Erik Engh til Vikebladet Vestposten.

Ulsteinvik 2046

Tilflytting utgjer ein stor del av veksten i folketal i Ulstein og Ulsteinvik. Kommunen har dei siste 10–15 åra gjennomført fleire større investeringar innanfor samferdsel, bustads-, nærings- og tettstadutvikling. Dei nyare byggeprosjekta har skapt både nye moglegheiter og utfordringar for Ulsteinvik sentrum. Det er difor ordføraren vel å drage fram Ulsteinvik 2046-prosjektet. I dette arbeidet har det faktisk vore eit eige punkt som har handla om næringslokalisering og utvikling av handel. Ein hadde som mål å finne måtar å fortette sentrum på, i kryssinga mellom næring, bustad/fritid og tettstadutvikling.

– Kva er det eigentleg som skal til for å få eit attraktivt handelssentrum? Om vi ser 30 år fram i tid, viser folketalframskridingane at vi kan vente oss rundt 4.000 nye innbyggarar. To tredelar av denne befolkningsveksten vil skje i sentrum. Då må vi sørgje for at det blir fleire bustadar i sentrum, og dermed meir aktivitet i sentrum. Å tilføre opp i mot 2.500 menneske i sentrumskjernen vil gjere mykje for Ulsteinvik, seier Knut Erik Engh.

Frå Saunesmarka til sentrum

For inntil få år sidan hadde Ulstein kommune mål om å utvikle Saunesmarka som næringsområde.

– No har dette blitt meir fy-fy. Vi ønskjer ikkje å satse vidare på satellittane, vi ønskjer meir aktivitet i sentrum. Vi har gjort grep allereie, mellom anna med Arena Ulstein, som er under konstruksjon no. Vi har gjort noko med parkane våre, med Sjøgata, vi har i det heile tatt gjort grep for å gjere det meir attraktivt å bu og leve i sentrum. Vi trur at det vi har gjort til no på sikt kan føre til den ønskja utviklinga vi ser føre oss, og at dette også kan slå positivt ut med tanke på næringsareala som står tomme. Inntil det skjer bør dei som eig lokala vurdere alternative bruksområde, seier Engh.

Handelslekkasje

Ordførar Engh er også smertefullt klar over at handelslekkasjen frå Ulsteinvik har gjort sitt dei siste åra, og då spesielt etter at Eiksundsambandet blei opna i 2008.

– Sjølv om Ulsteinvik framleis er det fjerde største handelssenteret i fylket, og framleis er blant dei største i vekst i kroner og øre, taper vi like fullt terreng, spesielt i forhold til Ørsta og Volda. Det er noko vi må ta på alvor, og her må også handelsstanden sjølv kjenne si gjestingstid. Kommunen har gjort store investeringar, og no må også handelsstanden vere med på å drive oss framover. Vi må få tilbake igjen den gode gamle «gutsen» som ein hadde då Ulsteinvik bygde seg opp som handelssentrum. Vi er overtydd om at det vi har gjort innan tettstadutvikling så langt er ei vinnaroppskrift på lang sikt, men dette er som å springe maraton. Det er noko vi må halde på med over lengre tid, seier Knut Erik Engh til slutt.