Ordførar Arnulf Goksøyr er naturleg nok glad for at politidirektør Odd Reidar Humlegård har stadfesta at Herøy framleis skal ha eige lensmannskontor.

– Det er veldig greitt å få ei endeleg avklaring. I følgje signala som er komne vil vedtaket måtte innebere ei oppbemanninga i Herøy, på lik line med Ørsta og Ulstein, samstundes som opningstidene blir utvida, og det er noko vi imøteser med glede, seier ordføraren i Herøy til Vestlandsnytt.

Goksøyr meiner det også er god grunn til å håpe på at lensmannskontoret i Herøy kan bli utstyrt med eigen passautomat. – Vi veit at det er på gang ei omorganisering av dette tenesteområdet, legg han til.

Husleigekontrakten som politiet har i Herøy i dag, går snart ut, og Goksøyr meiner at dagens lokale blir for små når det blir fleire ved kontoret.