Etter at varslingssaka til branningeniør Live Gandborg kom ut i MRk Møre og Romsdal onsdag, kalla rådmann Velsvik Berge tordag inn til innleiande samtale med meldar og tillitsvaldrepresentant. Saka vart også drøfta i arbeidsmiljøutvalet. Også representantar frå bedriftshelsetenesta, tillitsvalde og hovudverneombodet var til stades på møtet.

Finne ut om mobbinga har skjedd eller ikkje

– Konklusjonen er at vi no vil gå vidare med ei faktaundersøking. Det er ei undersøking som har til mål å finne ut om mobbinga har skjedd eller ikkje, opplyser rådmannen.

Ho legg til at dette er ei sak som har stått på dagsorden over tid. Arbeidsmiljøet i avdelinga er kartlagt, og tiltak har vore sett inn i etterkant av dette.

– Det er no tid for å sjekke kva som har fungert og ikkje. Eventuelle manglar eller nye forhold må følgjast opp, legg Velsvik Berge til.

Rask og rettferdig handsaming

Målet med faktaundersøkinga er å sørge for at dei involverte partane får ei rask og rettferdig handsaming, og at det skal avklarast om mobbinga kan seiast å ha funne stad.

Faktaundersøkinga skal blant anna gjere at ein unngår negative følgjer for arbeidsmiljøet, gi læring om handtering av konfliktar og mobbing, og sikre ein forsvarleg saksgang, både for klagaren og den som vert skulda.

– Kommunen vil i samarbeid med hovudverneombodet sette rammene for undersøkinga, og avklare korleis og kven som skal gjennomføre ho, fortel rådmannen i Hareid.