Blandingshunden "Fløffi" har vore sakna i Ulsteinvik sidan nyttårsafta klokka 22.15.

- Då opna eg døra for å ønske mor mi godt nyttår, og i det same smatt "Fløffi" ut døra. Ho var redd for rakettsmellane, og stakk avgarde, fortel Løset.

Sidan har familien - og mange vener og kjenningar - gått manngard for å leite etter "Fløffi", og for eit par veker sidan lova Løset ein dusør på 2000 kroner til dei som fann henne.

Men utan resultat. "Fløffi" var sporlaust borte.

Svaret kom søndag i middagstida, og vart ikkje slik som familien Løset hadde håpa på.

I råsa mot Mosvarden

- Ein nabo av oss oppdaga hundekadaveret i råsa mot Mosvarden. I luftlinje låg ho mellom 400-500 meter frå huset vårt, fortel Martin Løset.

Han utstyrte seg med ein svart plastsekk og gjekk for å hente henne. Løset vil ikkje gå i detalj, men slår fast at det var ikkje noko vakkert syn. Kor lenge ho har lege daud veit han heller ikkje.

- Komen ned att heldt familien gravferd i hagen. Det er trist, men likevel godt å ha fått eit svar.

Martin Løset vil gjerne takke alle som har engasjert seg i leitinga.

- Vi er svært takksame, seier han.