- Dette er veldig bra. Eg gratulerer både dei som arbeider på lånekassa, studentane og heile Søre Sunnmøre, seier Pål Farstad, stortingsrepresentant for Venstre i Møre og Romsdal.

Styret i Statens lånekasse vedtok på seinsommaren i fjor at kontoret i Ørsta skulle leggast ned. Dermed ville 22 personar miste arbeidet sitt.

- Dette måtte vi få stoppa, seier Pål Farstad i ei pressemelding frå partiet.

- I ufordringane som er med dei vanskelege tidene på Vestlandet, kan ikkje styresmaktene svare med å legge ned statlege arbeidsplassar.

Gledeleg og viktig

Farstad har hatt møte i Ørsta om saka og arbeidd intenst både på Stortinget og opp mot Regjeringa for å berge lånekassa sitt kontor i Ørsta. I dag, mandag 23. januar, eit knapt halvår etter kjem gladmeldinga om at Ørsta-kontoret til Statens lånekasse er redda frå nedlegging.

- Dette er gledeleg og viktig – for studentane som får behalde kompetansen som fisnt hos dei tilsette, for dei tilsette som arbeider der og for heile Søre Sunnmøre.