Sunnmøre tingrett har dømt ein mann til 21 dagars fengel, utan vilkår. Då saka hans var oppe i tingretten skulle han domfellast for fjerde og femte gangs køyring utan gyldig førarkort.

- Det dreier seg om gjentatt kriminalitet av same art, og dette er straffeskjerpande. Ved den gjentekne køyringa utan førarrett viser tiltalte totalt fråvær av respekt for lova, heiter det i saksutgreiinga.

I tillegg vart han dømd for aktlaus køyring ei natt mellom Hareid og Ulstein.

Politiet var oppe i 140 km/t, men klarte ikkje å nå att bilen

I ein lånteken bil køyrde han, med ei passasjer i bilen frå ein fest på Hareid i stor fart. Klokka 03.15 fekk Operasjonssentralen melding om å køyre til ei adresse i Hareid etter at ein kvinneleg innringar hadde meldt frå om at to personar ville tvinge til seg bilnøklane hennar, og at dei hadde køyrt frå staden i ein raud bil.

Politipatrulja tverrstilte den uniformerte tenetebilen i Geilebakken då dei observerte at den raude bilen kom køyrande nedover Geilebakken. Ved bruk av grøftekanten klarte den raude bilen å passere politbilen med omlag ein meters klaring. Politipatrulja sette på blålys og køyrde etter den raude bilen i retning mot Ulsteinvik. Bilen med dei to unge mennene i vingla frå side til side og skeina svært over i begge køyrebaner. På eit tidspunkt heldt politibilen ei art på 140 km/t, og då hadde den raude bilen køyrt frå dei.

Føraren stakk til skogs

Komne til  Varleite-krysset obserte poltiet baklysa på ein bil som synte seg å vere den raude bilen. På ein parkeringsplass ved Sunnmøre Folkehøgskule var røraren raskt ute av bilen og sprang til skogs. Passasjeren vart sitjande att.

Fleire vitne har fortalt at bilføraren drakk før køyreturen, men politiet klarte ikkje å finne han då han statt til skogs, og retten konkluderte med at dei ikkje kunne dømme han for ruskøyring, sidan dei ikkje hadde handfaste bevis.

I staden vart det dom for aktlaus køyring, og for ikkje å ha stoppa på signal frå politiet.