I politiet si innbyggjarundersøking for 2016 kjem det fram at 32 prosent av innbyggjarane er urolege for å bli utsette for trafikkfarlege hendingar.

Undersøkinga syner òg at innbyggjarane har størst tiltru til politiet si handsaming av nettopp desse hendingane, skriv politiet i ei pressemelding. To av tre seier dei meiner politiet handsamar trafikkfarlege situasjonar på ein god måte.

– Ikkje overraskande er det frykta for å bli utsett for trafikkfarlege hendingar som ligg på topp i denne undersøkinga. Me har alle eit forhold til det å ferdast i trafikken, anten det er til fots, i ein bil eller på ein buss, seier politidirektør Odd Reidar Humlegård.

På dei neste plassane over situasjonar som innbyggjarane er urolege for, kjem nettsvindel og identitetstjuveri med høvesvis 29 og 27 prosent. Tjuveri på ein offentleg stad og innbrot er det om lag 20 prosent som er redde for.

Undersøkinga syner at politiet har greidd å halde på tilliten frå folket gjennom 2016. Åtte av ti svarar at dei har særs stor eller ganske stor tillit til politiet, eit tal som har vore stabilt dei tre siste åra.