– Hareidlandet AUF har ligge nede ei tid, så no startar me eit felles AUF-lag for ytre søre Sunnmøre, seier Bratli, som er leiar for AUF i Møre og Romsdal.

Møtet torsdagen blir eit kombinert oppstartsmøte og årsmøte. Møtet blir i Nyskapingsparken i Fosnavåg. Grunnen til at møtet er lagt til Herøy er at dei fleste frå arbeidsgruppa er derifrå, men det er ikkje slik at alle møte framover vil bli i Herøy.

– Blir det ikkje litt tungvint for ungdomar at laget dekkar så stort område, at det blir vanskeleg å kome seg på møte i andre kommunar?

– Nei, eg ser det som positivt å få fleire aktive samla i eit lag. Det er bra med eit større lag der me får til ting i lag, svarer Aurora. Ho legg til at dei vil spreie det litt, det er ikkje slik at alle skal reise til Herøy heile tida. Det er viktig med nærleik.

Stor interesse

AUF hadde nyleg ein verveaksjon på Ulstein vgs. der dei verva 21 nye medlemer.

– Kvifor melde dei seg inn? Er det nokre saker som engasjerer?

– Ja, mange ungdomar er i mot den nye fråværsgrensa, og det er også AUF. Dei ønskjer også lærlingplass for alle og billegare busstilbod, fortel AUF-leiaren.

Kva saker det nystarta laget vil gripe fatt i framover lokalt er litt opp til årsmøtet.

– Målet no er å få til mest mogleg aktivitet. No er me seks aktive jenter, me skulle gjerne hatt fleire gutar med oss.

På årsmøtet skal dei også velje utsendingar til årsmøtet i fylkeslaget, som er til helga.

På plass til valkampen

Fylkesleiaren fortel at AUF på landsplan har nesten 14 000 medlemer, det er like mange som dei andre ungdomspartia har til saman.

Ho seier at det er mange ungdomar som stør ideologien og politikken til Arbeidarpartiet, då er det også fint at ungdomar kan vere aktive innan AUF. Ho ønskjer aktivitet i heile fylket, og synest det er kult at det no også blir eit lag for ytre søre Sunnmøre.

Til hausten er det stortingsval og valkamp, då er det kjekt at her er eit AUF-lag som kan engasjere seg og vere aktive.