Januar brukar som oftast å vere ein noko rolegare månad i eigedomsmarknaden, og så også i år. Etter at det vart omsett 72 eigedomar i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande i løpet av den siste månaden i 2016, er talet for januar nede i 58. Slik var det også i siste månad av 2015/første i 2016, då talet gjekk ein del ned frå desember til januar og ein i januar 2016 registrerte 56 eigedomstransaksjonar.

I år er det Herøy som har hatt flest omsette eigedomar i løpet av årets første månad med 22. Ulstein følgjer nærast med 16, medan Hareid heng tett på med 15.

Av kommunane på ytre søre Sunnmøre er det Sande som har hatt den rolegaste starten i eigedomsmarknaden med fem omsette eigedomar i løpet av januar.

Av kartet kan ein sjå at det er Ulsteinvik sentrum som er dei mest aktive området i januar.