I skrivande stund, klokka 11.11 8. februar, blir FM-nettet sløkt i Møre og Romsdal. Med det forsvinn den viktige radioberedskapen frå dei tunnelane som ikkje har fått ettermontert DAB-sendarar. Då det går fylkesveg (fv. 653) gjennom den 287 meter djupe Eiksundtunnelen, har ikkje Statens vegvesen «rukke» å installere DAB her enno. Alle dei tre tunnelane i Eiksundsambandet må vente til i mars med å få DAB.

– For å vere heilt ærleg, dette er amatørmessig. Dette kjem ikkje som julekvelden på kjerringa. Statens vegvesen har hatt fleire år på seg til å ordne det til slik at DAB-teknologien skulle vere på plass til at FM-nettet blei sløkt, seier Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein kommune.

– Ikkje haldbart

Til Møre-Nytt svara Statens vegvesen at årsaka til forseinkinga er at ein ikkje fekk midlar til DAB-utbygginga før i fjor haust.

– At ein no må vente ein til to månadar for å få radiodekning i Eiksundtunnelen igjen er eg sterkt kritisk til. Det Statens vegvesen seier, og kva dei gjer, må samsvare, seier Anders Riise, ordførar i Hareid kommune.

Dagleg leiar i Maritim Forening for Søre Sunnmøre, Terje Høybakk, er heller ikkje spesielt med situasjonen.

– Dette er ikkje haldbart. Skal vi ha det slik at vi køyrer åtte kilometer gjennom verdas djupaste vegtunnel, utan å kunne få informasjon i tilfelle noko skjer der? Eg er ikkje blant dei som pendlar gjennom tunnelen dagleg, men eg kan førestille meg at dei som gjer det, gjer det med ein ekstra stor klump i halsen no. Det er veldig merkeleg at Statens vegvesen har gjort denne dårlege prioriteringa.

På riks- og europavegnettet i Møre og Romsdal er utbygginga av DAB fullført, samt i Ljøtunnelen (fv. 60) og Fannefjordtunnelen (fv. 64).

Alvorleg

Men dei resterande fylkesvegtunnelane står altså att, inkludert Eiksundtunnelen, som er særs ulukkesutsett.

– Dette er veldig alvorleg, i forhold til sikkerheita til bilistane. Dette burde vegvesenet jobba meir med, og eigentleg aller helst forsere, seier Ulstein-ordførar Knut Erik Engh til slutt.

Terje Høybakk, dagleg leiar i Maritim Forening for Søre Sunnmøre, meiner det er svært kritikkverdig at tunnelane i Eiksundsambandet ikkje har fått DAB-sendarar enno. Foto: Arkiv.