Førre veke stilte Kristian Fuglseth (varaordførar i Hareid kommune og representant frå Folkelista) eit spørsmål til Oskar Grimstad (Framstegspartiet).

Fugseth viste til at Gunn Berit Gjerde (Venstre) tidlegare har vore ute i lokalavisa og garantert for at Venstre ikkje kan gå for tvangssamanslåing av Hareid og Ulstein.

Fuglseth undra på kva vår lokale stortingsrepresentant, Oskar Grimstad, vil gjere når saka kjem opp på Stortinget. Framstegspartiet har til alle tider vore stor tilhengar av folkerøystingar, og at dei skal vere bindande for politikarar, skreiv Fuglseth.

Svar frå Grimstad

No har det kome eit svar frå Oskar Grimstad. - Mitt klare svar er at eg støttar kun kommunesamanslåingar basert på frivilligheit, slik eg også stemte på gruppemøtebehandlinga, skriv Grimstad.

Han legg til at håpet hans er at Hareid over tid vil finne saman med Ulstein kommune når den økonomiske situasjonen er meir likeverdig enn han er i dag.