I dag er det OHI Eiendom AS i Fosnavåg (tidlegare Odim Eiendom) som eig anlegget i Hjørungavåg. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har kome med pålegg om at OHI Eiendom skal få utført supplerande undersøkingar ved eit delområde på eigedommen. Rapporten med resultat frå undersøkinga skal sendast til Fylkesmannen innan 1. mars 2018.

Det gamle verftsområdet til tidlegare Hjørungavåg Verksted er på lista over om lag 100 prioriterte verftslokalitetar i landet som blir følgt opp av miljøstyresmaktene. Dette for å klartlegge miljøsituasjonen og avgjere om det er behov for tiltak på land og i sjø.

Sterk forureining er påvist

Området har blitt undersøkt av Multiconsult etter tidlegare pålegg frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Det vart då påvist sterk forureining i sedimenta i Hjørungavågen, og også på deler av landområdet.

- På sørvestre del av landområdet er det påvist ein tidlegare avfallstipp med miljøgiftnivå opp til tilsvarande "farleg avfall". I dette området vart det også funne relativt høge nivå av miljøgift i grunnvatnet. Andre stader på det gamle verftsområdet vart det funne forureinande lausmasser, pluss blåsesand, oljesøl og liknande, heiter det i brevet frå Fylkesmannen.

Området har blitt utbetra

Etter at den første Multiconsult-rapporten var utarbeidd, har området blitt utbetra med etablering av fast dekke, system for oppsamling av overvatn og grøft for avskjerande drenering av overvatnet. Det har også vore ei større opprydding der synleg avfall, skrapjern, oljeforurensa jord, slam og støv har blitt fjerna.

- Men dei sterkt forureinande massene i avfallstippen sørvest på området er ikkje fjerna, og det er heller ikkje etablert noko barriere mot sjøen for å begrense spreiing.

"Farleg avfall" skal i utgangspunktet fjernast

- Forureining i nivå tilsvarande "farleg avfall" skal i utgangspunktet fjernast frå ein eigedom. Slik forureiningsforekomsten ligg no under steinfylling og asfaltdekke utgjer han imidlertid ingen risiko for helse ved direkte eksponering for dei forurensa massene.  Men basert på prøveresultata som ligg føre, kan det ikkje utelukkast at det kan forekome betydeleg spreiing av miljøgifter frå tippen til sjøen. Då det kan bli aktuelt med oppryddingstiltak på sjøbotnen, er det viktig å stanse vesentleg landbaserte forureiningskjelder, slik at ein unngår rekontaminering når tiltak på sjøbotnen blir utført, stårr det vidare i brevet frå Fylkesmannen.

Sink vart påvist i nivå tilsvarande "farleg avfall" i prøver frå avfallstippen. Dette stoffet er også påvist i relativt høge konsentrasjonar i to grunnvassbrønnar, noko som kan tyde på at det spreier seg frå tippen.

Tre vekers klagefrist

OHI Eiendom har ein frist på tre veker til å klage på vedtaket til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.