Det var nok fleire bilistar som sperra opp auga då dei køyrde gjennom Garnes onsdag ettermiddag. For no har eit heilt spesielt monument fått heidersplassen midt i rundkøyringa.

– Det er eit flott skode, og det blir eg nok ikkje den siste som vil seie, seier Aksel Sandvik.

Sandvik er initiativtakaren til monumentet, men det heile starta med ei artig historie i den årvisse 17. mai-avisa som blir lest opp i Haddal på nasjonaldagen, «Den vesle bonden».

– I fjor var ei av historiene at det skulle setjast opp eit monument i Garneskrysset. Eg og Aksel fekk i historia på ein måte i oppdrag å syte for at eit slikt monument skulle kome på plass, seier Vidar Moldskred, konsernsjef i Ulstein Betongindustri, og flirer.

– Eg tok det seriøst eg, og kort tid etter hadde eg fått Rolls-Royce med på å sponse det med eit flunkande nytt propellblad, seier Aksel Sandvik smilande.

I over 50 år jobba Sandvik i Ulstein Propeller AS, som no er Rolls-Royce. Han gler seg stort over det nye blikkfanget på Garnes.

– Det er eit flott monument vi har fått to viktige aktørar i området til å gå saman om. Eg vil takke både Rolls-Royce og Ulstein Betongindustri AS så mykje for bidraga deira. Dette er stort for alle oss som bur i regionen.

Maritimt treffpunkt

Han som skreiv den artige historia i «Den vesle bonden» var ingen ringare enn Knut Arne Høyvik, tidlegare lineskipper og no historieskrivar.

– Eg skreiv at desse to karane liksom hadde planar om eit monument på Garnes, slik som desse som har kome på plass i Ulsteinvik. Det er fole artig at dei tok oppfordringa frå meg på alvor, og at vi står her i dag. Det er eit monument for heile regionen dette.

Garnes er på sett og vis eit midtpunkt, eller treffpunkt om ein vil, for den maritime klynga. Uansett kva veg ein køyrer, treff ein på maritime verksemder

– Garneskrysset er på sett og vis eit maritimt treffpunkt, og dette propellbladet er eit symbol på den arva og den framtida vi har her ute i havgapet. Eg er veldig nøgd med korleis dette blei, seier Sandvik.