Det vart registrert 600 landingar av laks i Ørstaelva i fjor, med ei vekt på tilsaman 2140 kilo. Bondalselva kjem like bak med 2.080 kilo, fordelt på 731 fiskar.  Gjennomsnittsvekta i Ørstaelva er med andre ord større enn i Bondalselva.

Men begge elvane hadde tilbakegang frå året før. Ørstaelva gjekk ned frå 2800 til 2140 fiskar, medan Bondalselva gjekk ned frå 2302 til 2.080.

For landet totalt vart det ein nedgang i elvefiska laks på 2,7 prosent i fjor.

Dei tre største lakseelvane i landet er: Tana (38.563 kilo), Gaula (27.435 kilo) og Numedalslågen (22.223 kilo). Fangstane gjeld også sideelvane.

I Møre og Romsdal vart det fiska mest i Surna (8.579 kilo) og i Drivavassdraget (5.031).