På fire treningskampar så langt denne vinteren har Hødd brukt like mange juniorspelarar som spelarar med A-kontrakt. Og då tel vi ikkje med Bendik Rise, som framleis er i junioralder.

På dei fire treningskampane har Hødd brukt 12 spelarar frå rekruttlaget, i tillegg til 12 A-spelarar, 13 om ein tek med Preben Sætre, men han har ikkje spelt etter at han signerte for Hødd.

Klubben har varsla at dei ønskjer å innlemme nokre av juniorane som faste medlemmer i A-stallen. Det er også ein del av grunnen til at Hødd har sleppt til mange av dei unge så langt. I tillegg har ei rekkje spelarar i A-troppen til  Hødd hatt skader i innleiinga av sesongen. Både Fredrik Sjølstad, Torbjørn Kallevåg, Ole Monrad Alme, Preben Sætre, Didrik Sereba og Hugues Wembangomo har alle vore ute i periodar.