Fleire arbeidsplassar og færre reguleringar er noko av det statsråd Jan Tore Sanner (H) håpar skal lokke utflytta ungdom tilbake til bygda.

Regjeringa legg fram si distriktsmelding i dag, fredag, og der vil det komme signal om korleis by og land skal utviklast i åra som kjem, skriv Avisenes Nyhetsbyrå (ANB). Satsing på arbeidsplassar i heile landet er det viktigaste poenget i meldinga, seier kommunalminister Sanner.

– Ei reell utfordring i ein del distriktskommunar er at det blir færre yrkesaktive bak kvar pensjonist, slik at du får ein skeiv demografi. Ungdom som har reist ut for å studere flyttar ikkje tilbake. Det skaper over tid ei stor utfordring for distriktskommunar, forklarar Sanner.

Han understrekar at meldinga peiker ut ei retning og tar for seg dei lange linjene, mens andre varsla meldingar – havmeldinga, reiselivsmeldinga og industrimeldinga – vil innehalde meir konkrete forslag om korleis næringane kan forbetrast.

– Vi gjennomfører også forenklingar av utmarksforvaltninga, som betyr mykje for arbeidsplassar i distrikta, seier kommunalministeren. Framleis arbeid med forenkling skal også hjelpe byane og bygdesentera, blant anna med tanke på bustadbygging, seier han.