Regjeringa har i statsbudsjettet for 2017 løyvd pengar til 2.500 nye studentbustadar på landsbasis, og no er det klart at 120 av desse blir bygd i Volda.

Hareidsordførar Anders Riise (Høgre) fekk æra av å presentere dette på vegner av regjering og Kunnskapsdepartementet.

Utbygginga er planlagt slik at dei nye studentbustadane vert liggande like ved Heltne Studentheim. Det skriv Høgskulen i Volda på sine heimesider.

– Supert! Dette er ei positiv utvikling som kan vere med på å bygge studiebygda vår enda sterkare, seier leiar av Studenttinget i Volda (STiV), Karoline Strand, til HVO si nettside.