Eit vitne på staden fortel til Vikebladet Vestposten at bilen rulla ned skråninga, like nedanfor parkeringsplassen ved Øyehols varehus.

Truleg har handbrekket ikkje vore på, eller har svikta. Det skal ikkje vere snakk om personskade.

Lokalavisa kjenner til at liknande hendingar har funne stad på same plass før, og fleire lesarar har også gitt innspel til avisa om at det burde ha kome på plass ein kant eller eit hinder på staden.

Ein redningsbil var raskt på staden, og fekk trekt bilen opp igjen på parkeringsplassen.