- Vi begynner å bli fortvila, seier Arild Overå i Hjørungavåg.

Det er no eit døgn sidan dei to engelsk-settarane "Brutus" og "Lolo" la på tan frå eigarane sine under ein tur til Melshornet.

Stakk av

Natalya og Arild Overå leita etter den heile natta, men utan resultat. Klokka 07.00 fekk dei vite at "Brutus", den eldste av hundane, var påkøyrd på fylkesvegen på Grimstad.

Sidan har dei konsentrert seg om å leite etter "Lola".

Ho er to år, svart og kvit, nysgjerrig og glad i folk.

- Men eg kan ikkje heilt vite korleis ho oppfører seg viss ho no er redd, kommenterer Arild Overå.

Han har brukt dagen til å køyre rundt Melshornet, Snipsøyrdalen, Grimstadvatnet og andre avsides vegar i håp om at "Lola" skulle dukke opp. Men nei.

- Natalya er no på veg opp Melshornet, medan venninna Birte Bigset har lagt i veg mot Skafjellet, fortel Overå.

Folk som vil leite må gjerne rope namnet "Lola", og dei må også gjerne ha med seg ei fotballfløyte.

- Vanlegvis brukar ho å kome med ein gong ho høyrer fløyta.

Arild Overå er ikkje overtydd om at "Lola" viss ho lever, er på eit fjell. Ein engelsk setter er ei løpsmaskin, og kan godt ha kome seg langt av stad.

- Eg fryktar sjølvsagt at ho har fått - eller kjem til å få - same skjebna som "Brutus" - at ho blir påkøyrd av ein bil, medgir han.

Telefonnummeret til Arild Overå er 91167945.

Det er fint om folk varslar oss, anten dei ser "Lola" levande eller død, seier han.