I siste møte i Hareid utmarkslag vart det vedteke å vende seg til Tussa med tanke på å setje ut 2000 aureyngel i Hammarstøylsvatnet og 1000 yngel i Mosvatnet.

Sidan Tussa har regulert vassdraga som desse vatna ligg i, har dei også forplikta seg til å setje ut yngel der. Utmarkslaget vil be Tussa ta på seg heile finansieringa - eller delar av henne.

Dei 3000 aurene er alt tinga frå klekkeriet i Ørsta for utsetjing i år. Ørstaklekkeriet produserer kvart år ca 20.000 aureyngel på oppdrag for Tussa.

Set ut opplysningsskilt også

Utmarkslaget ber også om at det blir sett opp skilt om fiskereglane. Dette skal vere av same type som dei som alt er ved Mosvatnet. Ved begge vatna skal det tilføyast at sal av fiskekort no skal foregå på nettet.

Hareid kommune har på si side godkjent skiltplasseringa ved dei to parkeringsplassane ved Hammarstøylen og ved deminga ved utløpsosen, dit det går anleggsveg opp frå Snipsøyrdalen.