– Når ein skal gjere noko så stort, som kostar ein del pengar, så er det alltid nokon som vil vere i mot. Det er sjølvsagt heilt greitt å ha ei anna meining om dette enn det vi har, og det respekterer vi sjølvsagt fullt ut, seier Kaul.

Han seier til Vikebladet Vestposten at Ulstein Sokn meiner det er eit behov for ei arbeidskyrkje, noko som han fortel har kome ytterlegare fram både gjennom faglege vurderingar og vedtaka gjort av kommunestyret tidlegare.

– Vi støttar oss til dei faglege vurderingane, og tilbakemeldingane vi får frå våre medlemmar. Tilbakemeldingane etter at vi annonserte at vi vil byggje ei arbeidskyrkje har vore mange, og dei aller fleste av det positive slaget. Det er mange som opplever dette som eit reelt behov, og difor held vi fram prosessen med å få på plass eit nytt, flott og funksjonelt kyrkjebygg, så snart det let seg gjere, seier Kaul.