Regjeringa og støttepartia presenterte resultatet av kommunereforma under ein pressekonferanse på Stortinget onsdag morgon.

Når Vikebladet Vestposten spør stortingspolitikar Oskar Grimstad (Frp) frå Hareid om kvifor Hareid og Ulstein ikkje blir tvangssamanslått, medan Haram, trass kraftige protestar, skal innlemmast i storkommunen Ålesund, svarer Grimstad slik:

– Fordi Haram ligg inneklemd

– Fordi Haram ligg inneklemd mellom Sandøy, Ålesund og dei andre kommunane som skal høyre til i storkommunen Ålesund.

– Men mellom Hareid og Ulstein er det berre 12 km?

– Ja, men mitt innspel er at desse to kommunane ikkje bør tvangssamanslåast. Innbyggjarane i Hareid har svart eit klart nei. Hareid kommune er i ein svært pressa økonomisk situasjon og har store investeringsbehov. Ulstein har gjennomført store investeringar og må truleg dempe seg økonomisk for å få ned gjelda. Derfor bør vi vente med å slå desse to kommunane saman, resonnerer Grimstad.

Han legg til at han trur dei flest ser fornufta i at Hareid og Ulstein, som deler ei øy, blir slått saman.

– Prosessen framover blir viktig. Og eg vil seie det så pass tydeleg at Ulstein bør vere vennlegsinna overfor Hareid. På Hareid skal det til dømes no byggjast eit helsehus, og det er mykje som talar for at der kan bli fellesfunksjonar. Det bør kome på plass før kommunane blir slått saman.

Oskar Grimstad er overtydd om at Hareid og Ulstein kjem til å bli ein kommune. Men kva tid det vil skje, er han usikker på.

– Det kan skje om ti år, men det kan også ta kortare – eller lenger tid, svarer han.