28. oktober i fjor, på dagen 138 år etter at Ulstein kyrkje blei vigsla på nytt etter å ha blitt flytta frå Ulstein til Ulsteinvik sentrum, markerte Ulstein sokn starten på innsamlingsaksjonen for ny arbeidskyrkje. Det har frå før av også blitt bestemt at Snøhetta sitt forslag, «Excelsior», er forslaget soknet ønskjer å jobbe vidare med.

Men, planane om ny arbeidskyrkje har også ført til at fleire no har gått saman om ein underskriftskampanje mot prosjektet.

– Bakgrunnen for underskriftskampanjen er fleire samtalar med innbyggjarar og lokale politikarar i Ulstein, som har vist si misnøye med byggjeprosjektet. Vi har konkludert med at det ikkje ligg føre eit reelt behov for bygging av ei ny kyrkje, og starta difor denne kampanjen for å kunne gje folket i Ulstein ei røyst i saka, slik at dei ikkje skal føle seg tvungne til å godta ei sak som enkelte politikarar har pressa gjennom, seier Alexander Aaker, Peter Skinnes og fleire som står bak underskriftskampanjen, samt eit innlegg på debattsidene i denne utgåva av Vikebladet Vestposten.

– Kven skal berge prosjektet?

Det er eitt av spørsmåla initiativtakarane til underskriftskampanjen stiller seg i innlegget dei har forfatta. Kampanjen har så langt fått 161 av dei 166 naudsynte underskriftene den treng for å få saka handsama i kommunestyret igjen.

I innlegget blir det argumentert med at Ulstein kommune til no har nytta 1,7 millionar kroner til ein konkurranse og eit skisseprosjekt, før ein einaste stein er lagd.

– I tillegg har det blitt lova ein million til eit livsnøytralt rom som smørjing. Millionane sit laust, skriv Aaker, Skinnes og fleire.

Budsjettsprekken på Arena Ulstein-prosjektet blir nytta som eksempel for å synleggjere at slike type prosjekt, i følgje innleggsforfattarane, sjeldan held seg innanfor dei prosjekterte rammene.

– Når budsjettsmellen råkar nye-kyrkja, kven skal då stå for krisepakka? spør dei.

Initiativtakarane meiner Ulstein kyrkje slik ho er i dag både har plass nok og fyller behova i tilstrekkeleg grad.

– Vi ønskjer å sende eit klårt signal til kommunestyret om at den gamle, gode kyrkja vår er meir enn god nok slik ho er.